JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
CAMPINGLIVET: – Du kan gå ut, slå av ein prat og høyre på musikk mens du tar ein øl, Jäger eller brus, seier Bjørn Kristiansen.

CAMPINGLIVET: – Du kan gå ut, slå av ein prat og høyre på musikk mens du tar ein øl, Jäger eller brus, seier Bjørn Kristiansen.

Håvard Sæbø

Feriehjemmet Solviken:

Her har fagforeninga sin eigen campingplass: – Du bør være litt sosial

Feriehjemmet Solviken er fagforeininga i Fredrikstad sin eigen campingplass.

tormod@lomedia.no

ØSTFOLD: Med utsikt til skjergarden, ligg Feriehjemmet Solviken. Den ser kanskje heilt vanleg ut, men det er noko spesielt med denne campingplassen.

Den er eigd av Fellesforbundets fagforeining i Fredrikstad. Medlemmene får ekstra låge prisar på leige av dei 200 plassane og 14 hyttene. Det kjem godt med i år.

Sydenturane er avlyst på grunn av koronaen, og på Solviken merker dei auka pågang.

– Det er heilt tydeleg at norgesferie gjeld, seier vaktmeister og dagleg leiar Bjørn Kristiansen.

Du må vere litt sosial

Dei typiske gjestane er barnefamiliar og eldre, fortel Kristiansen. Camping er for alle, svarer han når Magasinet spør, men du bør vere litt sosial.

– Du må tole å sjå andre menneske. Men du kan også lukke teltet og sjå på tv ein fredags kveld, understrekar han.

Saka fortset under bildet.

PRISAR Å LEVE MED: På campingplass kan du bu i norsk natur utan å betale skjorta. Bjørn Kristiansen (til venstre) og Tommy Olsen sørger for at Feriehjemmet Solviken er open for alle.

PRISAR Å LEVE MED: På campingplass kan du bu i norsk natur utan å betale skjorta. Bjørn Kristiansen (til venstre) og Tommy Olsen sørger for at Feriehjemmet Solviken er open for alle.

Håvard Sæbø

Dessutan kan du bu i norsk natur utan å betale skjorta. Kristiansen fortel om ei hytte i nærleiken som gjekk for svimlande elleve millionar kroner

– Det er ikkje prisar du og eg kan leve med. Ikkje med lønna mi, iallfall.

Eit sommarparadis

Ferieheimen har ei lang og stolt historie. Klubben på Fredrikstad Mekaniske Verksted (FMV) kjøpte tomta i 1940. Sju år seinare kunne dei ta området i bruk.

Hit kom busslastar med arbeidarfamiliar frå byen, med telt og primus. Dei kunne nyte eit lite sommarparadis, i ei tid der arbeidsfolk berre kunne drøyme om utanlandsreiser.

Saka fortset under bildet.

SOMMARIDYLL: Sånn såg sommar- badestrand-livet ut på Solviken på 70-talet.

SOMMARIDYLL: Sånn såg sommar- badestrand-livet ut på Solviken på 70-talet.

Håvard Sæbø

I dag har dei fleste fagforeiningane selde unna ferieheimane sine, men Solviken held stand. Her finn du ein moderne campingplass med badestrand og alle fasilitetar nødvendig.

Bjørn Kristiansen var ferieheimen sin første vaktmeister på slutten av 80-talet. For femten år sidan gjorde han comeback.

Campingveteranar

– Det beste er at ho der inne har halde ut med han, seier frivillig og styremedlem Tommy Olsen, og nikkar mot forteltet til Kristiansen og kona.

Både han og Kristiansen er tidlegare tillitsvalde på FMV. Erfaringa kjem godt med når ein skal finne løysingar på campingplassen.

– Det har blitt ein del kalde kotelettar, for å seie det sånn, stadfestar Kristiansen og seier han ikkje har ein åtte til fire-jobb.

Saka fortset under bildet.

SPLITTAR NYTT: Eit nytt sanitæranlegg vart reist i vinter. I koronatida er effektivt reinhald ekstra viktig, understrekar Bjørn Kristiansen.

SPLITTAR NYTT: Eit nytt sanitæranlegg vart reist i vinter. I koronatida er effektivt reinhald ekstra viktig, understrekar Bjørn Kristiansen.

Håvard Sæbø

Sidan 2005 har ferieheimen fått kloakksystem og straum, dusj og do på hyttene, i tillegg til eit splittar nytt sanitæranlegg.

Ikkje harry

Olsen har også vore med på moderniseringa. 71-åringen har besøkt Solviken sidan han var ein gutunge og har i likskap med Kristiansen fast plass på staden.

Begge engasjerer seg når temaet blir fordommar mot campinglivet. Kristiansen fortel at han har sagt nei til besøk frå realityprogrammet «Ja, vi elsker camping» tre gongar.

– Dei drit ut menneske som drar på camping. Dei fordummar folk, seier han og får støtte frå Olsen.

Feriehjemmet Solviken

Innvia av FMV-klubben i 1947.

Overtatt av Fellesforbundet avdeling 2 då FMV vart lagt ned i 1988.

Har blitt ein moderne campingplass med 200 plassar og 14 hytter.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss